Pasta

Heimelaga pasta med bacon og basilikum

Skriv utKategori: middag
Pris: billig
Tilberedningstid: ca 30 minutter
Vanskelighetsgrad: middels
Viktige ingredienser: egg, pasta, hvetemel, olivenolje, smør

Kveitemjøl, egg, olivenolje, basilikum, pastamaskin, smør, salt, bacon

Gjer klår ei ynskja mengde mjøl, og eit egg pr. 100 g. mjøl (eks. 300 g. mjøl = 3 egg). Legg mjølet i ein haug på det reine bordet ditt, og lag eit krøs på toppen (som ein vulkan!). Legg eggeplommene oppi krøset, og begynn å blande inn mjølet. Det verkar skikkeleg håplaust i byrjinga, og du kommer garantert til å bli frista til å tilsette meir væske - IKKJE GJER DET! Berre ver tålmodig, og bland roleg og sivilisert saman mjøl og eggeplommer. Når du har fått ein klump som heng meir eller mindre saman, kan du ha på LITT olivenolje, og kna denne godt inn. Du vil nå ha ein klump med veldeg fast og fin konsistens.
Denne må no flatas ut med pastamaskinen din. (Om du ikkje har det, kan du prøve å lage deigen litt blautere, og så kjevle den ut...). Sett maskinen på ganske stor tjukkelse fyrst, og så kan du heller kjøyre igjennom fleire gonger på tynnare og tynnare. Når du når ynskja tjukkelse kan du kjøyre igjennom på oppkuttingsmodus, og du vil då få taglietalli eller spaghetti avhengig av maskina di, men ein kan vanlegvis bestemme sjølve. (tagliatelli er best!)

Pastaen er no klår til koking! Varm opp eit stort volum vatn med basilikum og olivenolje til kokepunktet - det er viktig at det koker sjølv når du heller i pastaen, og det er difor du må ha mykje vatn... Pastaen kokes i ca. 7-10 min. men smak til jevnleg (veldeg avhengig av mjølet).
Gjer klår ei steikjepanne og bacon som du har kutta opp i ganske små bitar. Steik det rett før pastaen er ferdig - og ikkje svi baconet til små, svarte bitar som ein ofte gjer i noreg. La det putre litt i panna, til det er mørk rosa - då er det klårt!
Hell vannet av pastaen, putt baconet og ein liten porsjon smør oppi gryta saman med pastaen og bland godt. Pastaen serveres så med ei rå eggeplomme på toppen av porsjonen.

Bon appétit! Vonar det smakar ;)

Fra Sigve Holmen

Valid XHTML 1.0! Valid CSS!