Graut!
Graut er godt! Jo meir - jo betre!

Risgraut

Skriv utKategori: middag
Pris: billig
Tilberedningstid: ca 2 timer
Vanskelighetsgrad: enkel
Viktige ingredienser: ris, melk

Rundkodna ris, heilmjølk, salt, vatn, vanillin/vaniljeekstrakt (ikkje farleg om ein ikkje har), kanel, sukker, smør

For å lage ei gryte med 1 liter mjølk:

Ta 2 dl av den beste rundkodna risen din i ei stor og fin gryte, gjerne teflon om du ikkje likar å skrape med stålull ;) Dekk med dobbelt så mykje vatn (4 dl. altså) og kok opp til vatnet er borte! (Dette går ganske fort når gryta er varm, så vær aktsam!)
No må mjølka tilsettes. Hell oppi 9/10 av kartongen din (ca. 9 dl m.a.o.) saman med ei ts. vaniljeekstrakt, og lat det koke opp. Dette kan ta litt tid, men PLUTSELEG så skjer det, så vær her enda meir aktsam! (Om man tar sjansen kan man kline smør rundt den indre randen av gryta, og man vil då i "teorien" unngå overkok om man ikkje klarar fylgje med gryta.)
Når det fyrst kokar må ein skru ned varmen slik at det berre småputrar. Det er viktig at prosessen ikkje går for fort! La det koke slik i ca. 45min - ein time til grøten byrjar å bli god og tjukk. Om den blir for tjukk, har du jo ein slant mjølk igjen du kan bruke!
Heilt til slut røyrer du inn salt (ca. ei strøken ts.) og voilà - grauten er klår!

Fra Sigve Holmen

Valid XHTML 1.0! Valid CSS!