Kentucky Fried Chicken
Herlege, duftande stykker med krispa kylling - rakt frå det forgjette land i vest!

Kentucky Fried Chicken

Skriv utKategori: middag
Tilberedningstid: ca 30 minutter
Viktige ingredienser: kylling

Ein heil chicken, skumma kulturmjølk, salt, pepper, mjøl, kajenne pepper, paprikapulver, frityrolje (dvs. IKKJE oliven, men solsikke, jordnøtt el.l.) og bacon.

Kutt kyllingen din opp i stykker av passeleg styrleik (eks. lår, vinger, del brystet i to). Strø slat og pepper på stykkene og legg dei i kulturmelksbad over natta.

Dagen etter gjør du klar ein mjølblanding med litt kajennepepper og paprikapulver. Denne legg du utover i ein tallerken el.l. kor du lett kan dyppe stykka dine.
Hell olje i steikjepanna slik at det står opp ca. 1,5-2 cm. frå botnen. Varm oljen til middels varme (ikkje for sterk, men heller ikkje for svak!). Ha klar eit lokk!

Steikjing: Du tar stykke for stykke og badar det i mjøl slik at det er heilt dekt i mjøl. Deretter legg du så mange av desse du har plass til i panna saman med eit par baconstrimler UTAN at nokon av komponentane er borti ein annan! (då limer dei seg berre i hop)
Steik med lokk til stykkjene ser såvidt gylne ut på oppsida, og at mjølblandinga har stivna. Deretter snur du stykkene og set på lokket, og lar dei kose seg litt til slik at dei blir sprø også på unnsida.
Baconet treng ikkje skiftas ut for kvar runde, då smaken festar seg i olja!

Fra Sigve Holmen

Valid XHTML 1.0! Valid CSS!